Personvern for Temakart-Rogaland

Denne personvernerklæringa fortel korleis Fylkesmannen og fylkeskommunen handsamar personopplysningar i den opne karttenesta vår. 

Temakart-Rogaland er ei kartteneste for Fylkesmannen og fylkeskommunen som har det redaksjonelle ansvaret for innhaldet og tekstar i karttenesta. Temakart-Rogaland inneheld tematiske geodata og fleire av desse er ein del av Det Offentlege Kartgrunnlaget (DOK).

Fylkesmannen er staten sin representant i fylket og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningsliner frå Stortinget og regjeringa. Fylkesmannen er eit viktig bindeledd mellom kommunane og sentrale mynde. Fylkesmannen utfører dessutan ei rekkje forvaltningsoppgåver retta mot innbyggjarar og organisasjonar. Vi kontrollerer også kommunane si verksemd og er klageinstans for mange kommunale vedtak. Fylkesmannen har fagkunnskap på ei rekke overordna samfunnsområde, og vi håpar at du finn den informasjonen du treng i karttenesta vår.

Fylkeskommunen er det regionale folkestyrte forvaltningsnivået i Norge. Fylkeskommunen har forvaltings- og tenesteproduserande oppgåver i fylket og er lagt under politisk styring, med fylkestinget som øvste organ. Fylkestinget vert vald direkte av innbyggjarane kvart fjerde år, ved kommune- og fylkestingsval. Fylkeskommunen er sentral i arbeidet med regional utvikling på fleire område saman med kommunar, regionråd, næringsliv og friviljuge organisasjonar. Fylkeskommunen har ansvar for desse samfunnsoppgåvene:

Denne erklæringa har informasjon om korleis vi samlar inn og brukar personopplysningar når du opnar karttenesta vår som pålogga brukar. Vi behandler personopplysninganeein sikker måte i samsvar med personopplysningslova.

Kva personopplysningar behandlar vi i Temakart-Rogaland og kvifor? 

Alle som lagar seg ein brukar i Temakart-Rogaland må samtykke til at vi lagrar og bruker personopplysningar. Vi brukar desse til å identifisere deg når du loggar inn og bruken din av løysinga. Vi kan sende deg e-post berre knytt til bruk av tenesta, som gløymt passord eller anna informasjon knytt til brukaren din. Vi kan lagre og behandle andre data som du legg inn i løysinga. Data som ikkje er knytt til din personlege brukar er databehandlar sine data.

For å lagre dine eigne teikna objekt og kanskje få tilgang til rollestyrde temadata, må du registrere ei e-postadresse og eitt passord. Det er valfritt og registrere namn. Du kan også laste opp kart filer, legge til tenester og lage bokmerke som vert lagra på brukaren din. I samarbeidsmodulen kan du dele kartdata og andre dokument med andre pålogga brukarar.

Du kan bruke Temakart-Rogaland og teikne objekt utan og lage deg ein brukar, men då vert alt sletta når du avsluttar økta di.

Vi brukar dine personopplysningar til å gje spesielle tilgangar til temadata for dei som treng dette for utføre jobben sin. Vi sender ikkje reklame og leverer ikkje ut dine personopplysningar til andre.

Innsyn, klage, sletting eller endring av personopplysningar i Temakart-Rogaland 

Dersom du ønskjer innsyn, å klage, slette eller endre dine personopplysningar må du ta kontakt med james.stott@fylkesmannen.no.

Det er ein eigen funksjon for å endre passord som heiter ‘Endre passord?’ inne på Min side.

Vi kan slette brukaren din, dei teikna objekt dine og bokmerka dine, men ikkje saker i samarbeidsmodulen eller data lagt inn i eit felles digitaliseringstema (digtheme) sidan du deler dette med andre brukarar. Desse sakene/digtheme er ofte knytt til jobben din, men vi kan vurdere og slette dersom dette ikkje er tilfelle. Saker i samarbeidsmodulen og digtheme er eigedomen til databehandlar.

Informasjonskapslar 

Vi brukar desse informasjonskapslane i Temakart-Rogaland:

Google analytics nyttar informasjonskapslane _ga, _gid og _gat for å hente anonymisert besøksstatistikk på nettstaden. Desse vert sletta etter 26 månader.

Temakart-Rogaland bruker informasjonskapselen _lng for å lagre kva språk du har valt å bruke.

Slette informasjonskapslar 

Under ‘Min side’ i Temakart-Rogaland kan du gå til ‘Om kartløysinga’ og velje ‘Deaktiver statistikk’. Då slettar du informasjonskapslane som går til Google analytics for denne nettlesaren. Dersom du sletter alle informasjonskapslane i nettlesaren, må du gjere dette om att for å ta vekk statistikken din som går til Google analytics. 

Sikkerheit  

Alle opplysningane som kjem frå datamaskina di til Temakart-Rogaland går over ei sikker line (https). 

Rettigheiter og bruk av kartdata i Temakart-Rogaland 

Rett til bruk av eksterne kartdata i Temakart-Rogaland er tufta på medlemskap i Norge Digitalt gjennom Kartverket

All ikkje-kommersiell bruk av tenestene i kartportalen er gratis, men det må visast til Temakart-Rogaland og Norge digitalt. Vi tek atterhald om feil i kart og feil eller manglar i datasett. Karta er ikkje rettsleg bindande, og bruk av tenesta kan ikkje erstatta vanleg saksgang. 

Informasjonsside for Temakart-Rogaland 

Vi har ei informasjonsside for Temakart-Rogaland som Fylkesmannen er vert for: https://prosjekt.fylkesmannen.no/Temakart-Rogaland/ 

Informasjonskapslar på informasjonssida: 

Andre informasjonskapslar kan førekome på sider som hentar innhaldselement frå andre nettstader gjennom iFrame m.m.

Du abonnerer på nyhende frå informasjonssida vår 

Fylkesmannen har eit tilbod om nyheitsvarsel via e-post. For å ta imot nyhende frå informasjonssida må du registrere ei e-postadresse. Opplysningane som vert registrert hjå oss, vert berre brukt til e-postvarsling. Adressa vert ikkje delt med andre, og vi sletter e-postadressa når du seier opp abonnementet. E-postadressa vert også sletta om vi får tilbakemelding om at den ikkje er aktiv.

Nyhendevarsling skjer gjennom systemet EPIServer, og tenesta lagrar trafikkinformasjon om e-postutsendinga i 14 dagar for å kunne spore og feilrette. Sjølve innhaldet i e-postane vert ikkje lagra.

Temakart-Rogaland på Facebook 

Vi har også ei Facebook side for Temakart-Rogaland som du kan følgje/like: https://www.facebook.com/temakartportalen/

Informasjonskapslar på Facebook: https://www.facebook.com/policy/cookies/

Behandlingsansvarleg og databehandlar 

Behandlingsansvarleg er den som bestemmer føremålet med behandlinga av personopplysningane. Databehandlar er den som behandlar data for behandlingsansvarleg. Fylkeskommunen og Fylkesmannen er både behandlingsansvarleg og databehandlar for karttenesta Temakart-Rogaland. 

Kontaktinformasjon 

Dersom du har spørsmål om personvernerklæringa for Temakart-Rogaland kan du kontakte oss på:

E-post: james.stott@fylkesmannen.no
Postadresse: Fylkesmannen i Rogaland, Postboks 59, 4001 Stavanger